Endringshistorikk: Inndelingslova

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: Inndelingslova · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: Inndelingslova

(annet)

Registrert dato: 2013-02-08 — lov/2013-02-08-7

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal § 26 første ledd andre og tredje punktum lyde:

Nemnda bør spegle av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune.

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

Overskrifta til § 2 skal lyde:

§ 2.Verkeområde

Registrert dato: 2013-07-01 — forskrift/2013-02-08-144

Endringane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner § 17 nr. 2 og 3, § 29 nr. 4, § 48 nr. 5, § 50 nr. 7 bokstav b, § 65 nr. 3, § 68 nr. 5, § 71 nr. 2, § 77 nr. 8 og § 80 tek til å gjelde 1. juli 2013.

– – –

Endringane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner § 17 nr. 2 og 3, § 29 nr. 4, § 48 nr. 5, § 50 nr. 7 bokstav b, § 65 nr. 3, § 68 nr. 5, § 71 nr. 2, § 77 nr. 8 og § 80 tek til å gjelde 1. juli 2013.

Endringa i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner § 77 nr. 2 tek til å gjelde 1. november 2015.

Endringane i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper § 18 tredje ledd, § 20 første og siste ledd, § 21 første ledd, § 22 og § 27 tek til å gjelde 1. januar 2014.

Endringa i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser § 26 første ledd tek til å gjelde 1. juli 2013.

Endringa i lov 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot hvitvasking og terrorfinansiering mv. § 4 andre ledd nr. 1 tek til å gjelde 1. juli 2013.

Registrert dato: 2014-01-01 — forskrift/2013-06-21-735

Endringane i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser tek til å gjelde frå 1. januar 2014.

Endringane i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser tek til å gjelde frå 1. januar 2014.

Registrert dato: 2016-03-18 — forskrift/2016-03-18-266

Vedtak 18. januar 2007 nr. 47 om delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser, blir oppheva.

Registrert dato: 2016-07-01 — forskrift/2016-06-17-681

Ikraftsetting av Stortingets vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2016.

Ikraftsetting av Stortingets vedtak til lov om endringar i inndelingslova og kommuneloven (behandling av kommunesamanslåingar mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2016.

Registrert dato: 2017-01-01 — forskrift/2016-05-27-531

Ikraftsetting 1. januar 2017 av lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven).

Ikraftsetting 1. januar 2017 av lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven).

Registrert dato: 2018-06-22 — lov/2018-06-22-84

Nåværende §§ 29 og 30 blir §§ 30 og ny 31.

Registrert dato: 2018-12-20 — forskrift/2018-12-20-2062

Delt ikraftsetting av lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven). Kapitlene 1 til 13, 17 til 24, 26, 27, 30 og 31 trer i kraft fra og med det konstituerende møtet i det enkelte kommunestyret og fylkestinget ved oppstart av valgperioden 2019–2023. Kapitlene 14, 15, 16, 28 o

Delt ikraftsetting av lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven). Kapitlene 1 til 13, 17 til 24, 26, 27, 30 og 31 trer i kraft fra og med det konstituerende møtet i det enkelte kommunestyret og fylkestinget ved oppstart av valgperioden 2019–2023. Kapitlene 14, 15, 16, 28 og 29 trer i kraft 1. januar 2020.

Registrert dato: 2019-11-01 — forskrift/2019-06-25-879

Delt ikrafttredelse. Lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 31-6 trer i kraft 1. november 2019.

Delt ikrafttredelse. Lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 31-6 trer i kraft 1. november 2019.

Registrert dato: 2020-01-01 — lov/2019-06-21-35

Endring i følgjande lov:

Endring i følgjande lov:

Lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser gjer ein følgjande endring:

§ 12 fjerde ledd vert oppheva.

Endringa under I tek til å gjelde frå og med 1. januar 2020.

Registrert dato: 2020-01-01 — forskrift/2018-06-22-947

Loven trer i kraft 1. januar 2020.

Loven trer i kraft 1. januar 2020.

Registrert dato: 2021-05-07 — lov/2021-05-07-35

Endring i følgende lov:

Endring i følgende lov:

Lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal § 29 nr. 10 lyde:

Nordland eller Nordlánnda.

Loven gjelder fra den tiden Kongen bestemmer.

Registrert dato: 2021-05-07 — forskrift/2021-05-07-1410

Endringsloven trer i kraft straks.

Endringsloven trer i kraft straks.

Registrert dato: 2021-06-01 — forskrift/2021-05-07-1416

Lova tek til å gjelde 1. juni 2021.

Lova tek til å gjelde 1. juni 2021.

Registrert dato: 2023-06-02 — lov/2023-06-02-21

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal § 26 første ledd sjette punktum lyde:

Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar.

Registrert dato: 2023-07-01 — forskrift/2023-06-02-767

Lova trer i kraft 1. juli 2023.

Lova trer i kraft 1. juli 2023.

Registrert dato: 2023-12-15 — lov/2023-12-15-92

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal § 10 nytt andre ledd lyde:

Når departementet tek initiativ til å utgreie spørsmål om grenseendring etter § 8 tredje ledd, kan departementet innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje som nemnt i første ledd andre punktum. Departementet kan gi forskrift om gjennomføringa av høyringa.

Registrert dato: 2023-12-15 — forskrift/2023-12-15-2048

Lova trer i kraft straks.

Lova trer i kraft straks.

Registrert dato: 2024-01-01 — lov/2022-06-22-82

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser skal § 29 lyde:

§ 29.Fylkesinndeling og fylkesnamn

Rikets fylke skal ha desse namna:ØstfoldOsloAkershusInnlandetBuskerudVestfoldTelemarkAgderRogalandVestlandMøre og RomsdalTrøndelag eller TrööndelageNordland eller NordlánndaTroms eller Romsa eller TromssaFinnmark eller Finnmárku eller Finmarkku

Registrert dato: 2024-05-01 — forskrift/2024-03-22-553

Delt ikraftsetjing av lov 16. juni 2023 nr. 62 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven). Lova tek til å gjelde 1. mai 2024, med unntak av endringane i partilova § 3, § 4 og § 9 i vallova § 22-2 nr. 3.

Delt ikraftsetjing av lov 16. juni 2023 nr. 62 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven). Lova tek til å gjelde 1. mai 2024, med unntak av endringane i partilova § 3, § 4 og § 9 i vallova § 22-2 nr. 3.

Registrert dato: 2025-07-01 — forskrift/2025-06-20-1096

Loven trer i kraft 1. juli 2025.

Loven trer i kraft 1. juli 2025.

§ 12

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 12 første og andre ledd skal lyde:

Når det med verknad frå byrjinga av eit kalenderår er gjennomført samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir alle skattepliktige i eit distrikt som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune, ved den første likninga etter samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, å ilikne kommuneskatt etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei lagde til grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for vedkomande inntektsår. Dette gjeld likevel ikkje dersom kommunestyret i vedkomande distrikt før samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, har gjort vedtak om at det ved likninga skal nyttast andre skattesatsar, og slikt vedtak er godkjent av Fylkesmannen.

Før samanslåing eller deling som nemnt i første ledd blir sett i verk, skal kommunestyret i den nye kommunen eller kommunane gjere vedtak om kva skattesatsar som skal nyttast ved berekning av forskot på skatt for det komande inntektsåret for alle forskotspliktige skatteytarar i den nye kommunen. Vedtaket må gjerast innan den fristen som er fastsett av Fylkesmannen. Dersom fristen ikkje blir halden, skal Fylkesmannen avgjere kva for satsar som skal brukast.

Registrert dato: 2016-05-27 — lov/2016-05-27-14

§ 12 første ledd skal lyde:

Når det med verknad frå byrjinga av eit kalenderår er gjennomført samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir alle skattepliktige i eit distrikt som tidlegare har danna ein sjølvstendig kommune, ved den første skattefastsetjinga etter samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skattlagt for kommuneskatt etter dei skattesatsane som i dette distriktet blei lagde til grunn ved fastsetjinga av forskot på skatt for vedkomande inntektsår. Dette gjeld likevel ikkje dersom kommunestyret i vedkomande distrikt før samanslåinga eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, har gjort vedtak om at det ved skattefastsetjinga skal nyttast andre skattesatsar, og slikt vedtak er godkjent av Fylkesmannen.

Registrert dato: 2016-05-27 — lov/2016-05-27-14

§ 12 tredje ledd skal lyde:

Når eit område blir overført frå ein kommune til ein annan med verknad frå byrjinga av eit kalenderår, blir alle skattepliktige i dette området skattlagt for kommuneskatt i den kommunen som avstår området, ved skattefastsetjinga som gjeld inntektsåret før overføringa.

§ 14

Registrert dato: 2016-12-02 — lov/2016-12-02-86

§ 14 første ledd skal lyde:

I samband med disposisjon som er ei direkte følgje av grenseendring etter lova her, skal det ikkje betalast dokumentavgift etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift, tinglysingsgebyr etter § 12 b i lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing, gebyr etter § 16 i lov 1. juli 1927 nr. 1 om registrering av elektriske kraftledninger eller omregistreringsavgift etter § 1 i lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter vedrørende motorkjøretøyer og båter.

§ 15

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 15 skal lyde:

§ 15.Økonomisk kompensasjon

Ved samanslåing av kommunar eller fylke og deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, gir staten delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til desse prosessane. I ein overgangsperiode gir staten også kompensasjon for bortfall av rammetilskot.

§ 16 a

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

Ny § 16 a skal lyde:

§ 16 a.Robek-status ved samanslåing

Dersom éin eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane som skal slåast saman, oppfyller vilkåra i kommuneloven § 60 nr. 1, kan departementet fram til samanslåinga blir sett i verk, bestemme at den nye kommunen eller fylkeskommunen skal følgje krava om godkjenning og kontroll i kommuneloven § 60 nr. 1 og 2. Dette gjeld berre dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan ventast å dekkje inn meirforbruk frå før samanslåinga innan to år, og det etter departementet si vurdering er behov for godkjenning og kontroll.

§ 16 b

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

Ny § 16 b skal lyde:

§ 16 b.Kommunesamanslåing og forkjøpsrett til aksjar

Når aksjar skiftar eigar frå ein kommune til ein annan kommune eller frå ein fylkeskommune til ein annan fylkeskommune som følgje av samanslåing eller deling etter denne lova, gjeld ikkje reglane i aksjeloven § 4-15 andre og tredje ledd og § 4-19 første ledd.

§ 17

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 17 andre ledd andre punktum bokstav a skal lyde:

reglar om lovpålagde organ i stat, fylkeskommune eller kommune

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

§ 17 andre ledd bokstav d og ny bokstav e skal lyde:

reglar om fristar og vilkår for å krevje inn eigedomsskatt

reglar om den inneverande kommunestyreperioden og om samansetjing av kommunestyret, slik at kommunane kan velje kommunestyret i den nye kommunen av og blant kommunestyra sjølve og korte ned kommunestyreperioden for dei som ikkje blir valde. Dei same unntaka kan gjerast for fylkestinga.

Registrert dato: 2019-03-01 — lov/2019-03-01-4

§ 17 andre ledd bokstav a skal lyde:

reglar om lovpålagde organ i stat, fylkeskommune eller kommune. Dette inkluderer oppretting av slike organ når dei som har mynda etter lova, unnlèt å gjere dette.

§ 20

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 20 første ledd og andre ledd første punktum skal lyde:

Blir ein kommune eller eit fylke delt, jf. § 3 andre ledd, skal § 19 første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.

Annan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagde til.

§ 23

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 23 første ledd skal lyde:

Kommune eller fylkeskommune som er omfatta av grenseendring etter denne lova, kan innan eitt år etter at vedtaket er sett i verk, krevje at det økonomiske oppgjeret – eller delar av det – skal fastsetjast ved skjønn, så framt partane først har prøvd å kome til semje om eit økonomisk oppgjer.

Overskrifta til kapittel VI skal lyde:

§ 25

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 25 skal lyde:

§ 25.Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte

Når det er gjort vedtak om samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skal Fylkesmannen snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Ved samanslåing eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman kommunestyra dersom kommunane ligg i ulike fylke. Ved samanslåing eller deling av fylke som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman fylkestinga. På slike fellesmøte skal følgjande saker drøftast:forslag til namn på den nye kommunen eller det nye fylkettalet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestingetkriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i denne lovaval av revisor for verksemda i fellesnemndaoppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

§ 25 nytt fjerde punktum skal lyde:

Departementet kan gjere unntak frå kravet om slikt felles møte.

Noverande fjerde punktum blir nytt femte punktum.

§ 26

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 26 første ledd første punktum skal lyde:

Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga.

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 26 tredje ledd skal lyde:

Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med økonomiplanen og med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga eller delinga som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, er sett i verk. Nemnda skal i sin verkeperiode gi fråsegn til departementet om årsbudsjetta og økonomiplanen for dei kommunane eller fylkeskommunane saka gjeld.

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 26 femte ledd skal lyde:

Nemnda kan få fullmakt til å tilsetje personale i den nye eininga. Dette omfattar også tilsetjing av administrasjonssjef og revisor. Tilsetjing av revisor skjer på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala. Nemnda kan òg få fullmakt til å vidareføre deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller vidareføre avtale med annan revisor. Tilsvarande gjeld for sekretariatet for kontrollutvalet. Slikt vedtak skjer etter innstilling frå kontrollutvala.

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

§ 26 første ledd skal lyde:

Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga. Nemnda bør spegle av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune. Fellesnemnda blir valt av og blant medlemmene i kommunestyret eller fylkestinget. Også medlemmer av kommunerådet eller fylkesrådet kan veljast. Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.

§ 27

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 27 skal lyde:

§ 27.Konstituering av nytt kommunestyre eller fylkesting

Når det er gjennomført val til kommunestyre eller fylkesting i løpet av september månad året før ei samanslåing eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, blir sett i verk, skal det nyvalte kommunestyret eller fylkestinget kallast saman til konstituerande møte innan utgangen av oktober månad. Leiaren av fellesnemnda kallar saman og leier møtet inntil ny ordførar er valt. Elles gjeld reglane i kommunelova § 17 nr. 1 til 3 om konstituerande møte o.a. i kommunestyre og fylkesting.

Funksjonsperioden for kommunestyra og fylkestinga i dei kommunane og fylkeskommunane som skal slåast saman, varer inntil tidspunktet for iverksetjing av samanslåinga eller delinga som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b. Deira ansvar og fullmakter er likevel avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i dei eksisterande einingane.

§ 28

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 28 skal lyde:

§ 28.Lovlegkontroll

Departementet kan føre kontroll med lovlegheita av budsjettvedtaka i kommunar og fylkeskommunar når utgreiing om samanslåing eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, er sett i gang.

§ 29

Registrert dato: 2018-06-22 — lov/2018-06-22-84

§ 29 skal lyde:

§ 29.Fylkesinndeling og fylkesnamn

Rikets fylke skal ha desse namna:Viken.Oslo.Innlandet.Vestfold og Telemark.Agder.Rogaland.Vestland.Møre og Romsdal.Trøndelag eller Trööndelage.Nordland.Troms og Finnmark eller Romsa ja Finnmárku eller Tromssa ja Finmarkku.

I nytt kapittel VIII med §§ 30 og ny 31 skal overskriften lyde:

Iverksetjing. Overgangsreglar, oppheving av andre lover

Registrert dato: 2025-06-20 — lov/2025-06-20-92

§ 29 nr. 4 skal lyde:

Innlandet eller Sisdajve

Registrert dato: 2025-06-20 — lov/2025-06-20-92

§ 29 nr. 13 skal lyde:

Nordland eller Nordlánnda eller Nordlánda eller Nordlaante.

§ 3

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 3 andre ledd skal lyde:

Deling inneberat ein kommune eller eit fylke blir delt i to eller fleire nye einingar, ellerat ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-60

§ 3 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Departementet kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering, dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke som skal leggjast til andre kommunar eller fylke etter andre ledd bokstav b.

§ 5

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 5 skal lyde:

§ 5.Vedtak om deling

Stortinget gjer vedtak om deling av eit fylke. Kongen gjer vedtak om deling av ein kommune når kommunen eller kommunane saka gjeld, har slutta seg til forslaget. Dersom éin kommune har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast fram for Stortinget for avgjerd.

§ 6

Registrert dato: 2013-06-21 — lov/2013-06-21-94

§ 6 skal lyde:

§ 6.Vedtak om grensejustering

Kongen gjer vedtak om justering av grenser mellom kommunar og mellom fylke. Dersom grensejustering mellom fylke gjeld meir enn éin kommune, skal saka leggjast fram for Stortinget til avgjerd.