De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2024-06-03-901 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 1-7 andre ledd bokstav b skal lyde:
arbeidslivsfag, etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
§ 1-7 nytt femte ledd skal lyde:
Kravet i andre ledd bokstav b gjeld ikkje for internasjonale skolar, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav c.
§ 3-2 femte ledd nytt andre punktum skal lyde:
Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått og skal reknast som søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram.
Ny § 3-5 skal lyde:
§ 3-5.Skolar som kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring
Skolar som er godkjende for å drive særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, kan ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
I tillegg kan desse skolane ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring:Aglo videregående skole med opp til 43 elevarBybroen videregående skole AS med opp til 95 elevarForeningen Danielsen Intensivgymnas med opp til 186 elevarForeningen Danielsen Videregående Skole med opp til 19 elevarGjennestad videregående skole med opp til 58 elevarHaugesund Toppidrettsgymnas AS med opp til 27 elevarHjerleid Handverksskole AS med opp til 105 elevarKristen videregående skole Nordland med opp til 40 elevarKristen videregående skole Trøndelag med opp til 21 elevarLukas videregående skole AS med opp til 74 elevarMøbelsnekkerskolen AS med opp til 30 elevarNatur videregående skole med opp til 89 elevarNordborg skoler AS med opp til 13 elevarNorsk Restaurantskole med opp til 20 elevarPlus-skolen AS med opp til 108 elevarTomb videregående skole med opp til 21 elevarTveit vidaregåande skule med opp til 3 elevarTyrifjord videregående skole med opp til 13 elevarVal skolar AS med opp til 9 elevarVinterlandbruksskulen på Jæren med opp til 21 elevarVinterlandbruksskulen i Ryfylke med opp til 17 elevarWang AS med opp til 45 elevarØya videregående skole med opp til 7 elevar.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar utan rett.
§ 3-10 første ledd skal lyde:
Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval eller som forserer fag.
§ 4-2 første ledd skal lyde:
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, kan få meir opplæring i faget eller faga. Det same gjeld elevar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva.
§ 4-2 nytt tredje ledd skal lyde:
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
§ 6-8 skal lyde:
§ 6-8.Fråværsgrense i vidaregåande skole
Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.
Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:sjukdom eller andre helseforholdvelferdsforholdandre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18lovpålagt oppmøtearbeid som tillitsvaldpolitisk arbeidhjelpearbeidtryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2.representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.
Dagleg leiar sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 6-2.
Avgjerda til dagleg leiar etter fjerde ledd er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
§ 6-8 skal lyde:
Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.
Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:sjukdom eller andre helseforholdvelferdsforholdandre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18lovpålagt oppmøtearbeid som tillitsvaldpolitisk arbeidhjelpearbeidtryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2.representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.
Dagleg leiar sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 6-2.
§ 6-9 femte ledd skal lyde:
Skolen skal dokumentere fråvær kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 6 i denne forskrifta.
§ 6-15 første ledd skal lyde:
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 6-2.
§ 6-16 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.
I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 4-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 6-35–§ 6-37. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.
§ 6-16 sjette ledd blir femte ledd, sjuande ledd blir sjette ledd.
§ 6-28 andre ledd skal lyde:
Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.
§ 6-33 tredje ledd skal lyde:
Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om skolen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.
§ 6-45 andre ledd skal lyde:
For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje fordei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 4-6dei om er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 4-6dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 6-19 eller § 6-21 til § 6-23dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 6-47dei som har fått dispensasjon etter § 6-10 eller § 6-39.
§ 6-49 fjerde ledd skal lyde:
Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 3-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
§ 6-50 skal lyde:
§ 6-50.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.
Skolen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.
Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.
Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 6-8 andre og tredje ledd.
Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.
§ 11-1 tredje ledd skal lyde:
For å bli tatt inn ved ein skole godkjend med tilskot etter sats for særleg ressurskrevjande elevar, er det krav om at eleven må ha:sakkyndig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller frå ein annan kompetent faginstans som dokumenterer at eleven har sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar som er langvarige eller permanentevedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.
§ 13-1 siste ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til barn og unge i opplæringspliktig alder, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for formål som er omtalte i privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 13-2 siste ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til ein elev, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for formål som er omtalte i privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk
§ 13-3 siste ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 13-4 siste ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om personar som deltar i nasjonale prøver, og personopplysningar knytte til resultata på slike prøver når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.
§ 13-5 fjerde ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan på visse vilkår behandle personopplysningar om deltaking i kartleggingane og personopplysningar knytte til resultata av kartleggingane. Vilkåra er at opplysningane blir brukte tilvidareutvikling av kartleggingsverktøydrift av eit digitalt system for gjennomføring av kartlegginganeforsking, analyse og statistikk, jf. privatskolelova § 7-2d.
§ 13-6 siste ledd skal lyde:
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om dei som deltar i internasjonale undersøkingar, når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
Ny § 17-2 skal lyde:
§ 17-2.Overgangsregel for krav om å tilby arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
I staden for arbeidslivsfag kan skolen fram til 1. august 2027 velje å tilby minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk.
Nytt kapittel 11 skal lyde:
Tilvisinga til kapittel 7 skal lyde:
(privatskolelova § 2-3a)
I forskrift til privatskolelova kapittel 13 skal overskriften med hjemmelshenvisning lyde:
(privatskolelova § 7-2d)
Nytt Kapittel 16A. Lovbrotsgebyr (plasseres i forskriftens fjerde del om «Forskjellige reglar»).
§ 16A-1 Lovbrotsgebyr skal lyde:
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:§§ 1-1 til 1-3 om innhaldet i grunnskoleopplæringa§ 3-2 og §§ 3-10 til 3-13 om inntak til vidaregåande opplæring§ 4-1 og § 4-4 om innhaldet i den vidaregående opplæringa§ 6-9, § 6-11, § 6-16, § 6-17, § 6-27 og §§ 6-41 til 6-51 om individuell vurdering§§ 9-1 og 9-2 om tilleggskompetanse§§ 10-1 til 10-4 om politiattest og yrkesforbod§ 11-1 om krav til dokumentasjon av den nedsette funksjonsevna og lærevanskane til eleven§ 14-2 om styrt tilgang til personopplysningar.
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.
Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).
§ 16A-2 Øvre ramme for lovbrotsgebyr etter privatskolelova § 7-2c skal lyde:
Lovbrotsgebyr etter privatskolelova § 7-2c skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).