Endringshistorikk: forskrift/2020-06-12-1192

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2020-06-12-1192 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2020-06-12-1192

(annet)

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

Nytt kapittel 2A skal lyde:

§ 2a.Inndeling

Departementet kan bestemme at areal som er opna etter havenergilova § 2-2 skal delast inn i fleire mindre prosjektområder. Departementet kan fastsetje inndeling, utstrekning og installert effekt eller anna avgrensing for utbygging for kvart prosjektområde.

§ 2b.Utlysing av konkurranse og tildeling av prosjektområder

Departementet avgjer om tildeling av prosjektområde skal skje ved auksjon eller etter andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, eller ein kombinasjon. Tildelingsmåten og vilkår skal gå fram av utlysinga.

Departementet skal i utlysinga gje nærare føresegner om korleis konkurransen skal gjennomførast. Utlysinga skal kunngjerast i Norsk lysingsblad med ein rimeleg frist.

Ved tildeling av prosjektområde etter auksjon skal tildeling skje til den som vinn auksjonen i samsvar med utlysinga og etter dei reglane som departementet har fastsett for auksjonen. I andre tilfelle skal tildeling av prosjektområde skje på grunnlag av ei heilskapleg vurdering av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår i samsvar med utlysinga. Departementet kan i særlege tilfelle velje å ikkje tildele prosjektområde etter gjennomført auksjon eller konkurranse.

Departementet kan stille vilkår for tildeling av prosjektområde.

§ 2c.Prekvalifisering

Departementet kan i utlysinga setje grense for kor mange av søkjarane som kan bli prekvalifisert. Avgjerd om krav til prekvalifisering skal treffast i samband med avgjerd om utlysing, og kunngjerast i Norsk lysingsblad seinast i samband med utlysinga.

Søkjarar må i ein prekvalifisering dokumentere at dei har tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylla relevante krav til helse, miljø og tryggleik. Departementet kan fastsetje utfyllande reglar og andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.

Det skal setjast ein rimeleg frist for søknad om prekvalifisering. Søknaden skal innehalde dokumentasjon for at kvalifikasjonskrava er oppfylt og elles innehalde opplysningar og dokumentasjon som fastsett av departementet i utlysinga.

§ 2d.Rett til tildelt prosjektområde

Den som får tildelt eit prosjektområde må oppfylle krava i havenergilova § 3-5 fyrste ledd.

Den som får tildelt eit prosjektområde etter § 2b får einerett til å sende inn og få handsama melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram etter § 3, gjennomføre eit prosjektspesifikt utgreiingsprogram som fastsett av departementet etter § 4, og deretter sende inn søknad om konsesjon etter § 7, for produksjonsanlegg innanfor det tildelte prosjektområdet.

Eineretten til prosjektområde tildelt etter § 2b er tidsavgrensa. Melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram etter § 3 skal sendast inn til departementet seinast 6 veker etter tildelinga. Søknad om konsesjon vedlagt den gjennomførte prosjektspesifikke utgreiinga skal etter § 7 sendast inn til departementet seinast to år etter at departementet har fastsett utgreiingsprogrammet.

Dersom melding eller søknad om konsesjon ikkje er innsendt til departementet innan tidsfristane i tredje ledd og departementet ikkje har gitt fristforlenging i samsvar med § 11, fell retten til det tildelte prosjektområdet bort. Departementet kan då lyse ut prosjektområdet på nytt eller tildele prosjektområdet utan utlysing.

Eineretten til prosjektområde kan ikkje overdragast utan samtykke frå departementet. Det same gjeld ved overdraging av aksje eller anna eigarinteresse i den juridiske eininga som er tildelt eit prosjektområde, og ved overdraging som gir bestemmande innflytelse i ei slik eining.

Havenergilova § 10-7 fyrste ledd skal gjelde tilsvarande for tildeling av prosjektområde etter dette kapittel 2A.

Departementet kan i utlysinga gje nærare føresegner om retten til tildelt prosjektområde, blant anna samordna planlegging av nettanlegg og nettilknytning.

Registrert dato: 2025-05-28 — forskrift/2025-05-27-870

I forskrift 12. juni 2020 nr. 1192 til havenergilova skal ny § 22 lyde:

§ 22.Konsekvensutgreiingar ved negative miljøverknadar i område utanfor nasjonal jurisdiksjon

Dersom tiltak som blir handsama etter havenergilova kan forårsake betydeleg forureining av eller vesentlege og skadelege endringar i det marine miljøet i område utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal departementet sørge for deling av naudsynt informasjon gjennom Mekanismen for informasjonsutveksling, som er oppretta i medhald av Avtale om bevaring og berekraftig bruk av marint biologisk mangfald i område utanfor nasjonal jurisdiksjon under Havrettskonvensjonen.

Registrert dato: 2025-05-28 — forskrift/2025-05-27-870

Eksisterende § 22 blir ny § 23.

Registrert dato: 2026-01-17 — forskrift/2025-12-02-2375

Meddelelse om ikrafttredelse av forskrift 27. mai 2025 nr. 870 om endring i forskrift 27. juni 1997 nr. 653 til lov om petroleumsvirksomhet, forskrift 5. desember 2014 nr. 1517 om utnyttelse av undersjøiske reservoarer på kontinentalsokkelen til lagring av CO

Meddelelse om ikrafttredelse av forskrift 27. mai 2025 nr. 870 om endring i forskrift 27. juni 1997 nr. 653 til lov om petroleumsvirksomhet, forskrift 5. desember 2014 nr. 1517 om utnyttelse av undersjøiske reservoarer på kontinentalsokkelen til lagring av CO

og om transport av CO

på kontinentalsokkelen og forskrift 12. juni 2020 nr. 1192 til havenergilova

Avtalen om bevaring og bruk av marint biologisk mangfold i områder utenfor nasjonal jurisdiksjon under Havrettskonvensjonen trer i kraft for Norge 17. januar 2026. Forskrift 27. mai 2025 nr. 870 om endring i forskrift 27. juni 1997 nr. 653 til lov om petroleumsvirksomhet, forskrift 5. desember 2014 nr. 1517 om utnyttelse av undersjøiske reservoarer på kontinentalsokkelen til lagring av CO

og om transport av CO

på kontinentalsokkelen og forskrift 12. juni 2020 nr. 1192 til havenergilova trer dermed i kraft 17. januar 2026, jf. forskriften del IV.

§ 1

Registrert dato: 2023-07-01 — forskrift/2023-06-20-994

§ 1 nytt fjerde ledd skal lyde:

Havenergilova gjeld i Noregs økonomiske sone ved Fastlands-Noreg oppretta i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske soneloven) og forskrift 17. desember 1976 nr. 15 om iverksettelse av Norges økonomiske sone.

§ 11

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 11 nytt tredje ledd skal lyde:

Etter søknad kan departementet forlenge fristen etter § 2d tredje ledd for å sende inn melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram, med inntil 6 veker av gongen.

§ 16

Registrert dato: 2023-01-01 — forskrift/2022-12-19-2336

§ 16 skal lyde:

§ 16.Framsetjing av krav

Krav om erstatning vert fremja på nærare fastsett skjema og sendast til nemnda sitt sekretariat.

§ 2

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 2 bokstav b skal lyde:

Med prosjektområde er meint eit spesifisert avgrensa geografisk område innanfor eit areal som er opna etter havenergilova § 2-2.

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 2 bokstav c skal lyde:

Med melding er meint varsel av eit planlagt tiltak, der tiltakshavar skildrar tiltaket og lokalisering innanfor eit tildelt prosjektområde og legg fram framlegg til utgreiingsprogram.

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

Ny § 2 bokstav d skal lyde:

Med tildeling er meint tildeling av eit prosjektområde etter havenergilova § 2-3 og denne forskrifta kapittel 2A, som gjev ein tidsavgrensa einerett til å sende inn melding med forslag til prosjektspesifikt utgreiingsprogram, gjennomføre prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, og deretter søke om konsesjon for produksjonsanlegg innanfor det aktuelle prosjektområdet.

§ 4

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 4 femte ledd skal lyde:

Det kan ikkje fastsetjast fleire utgreiingsprogram for same prosjektområde samstundes.

§ 5

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 5 første ledd skal lyde:

For handsaming av kvar melding med utgreiingsprogram, kan det betalast eit gebyr som vert fastsett av Olje- og energidepartementet, og som innbetalast staten ved Noregs vassdrags- og energidirektorat.

§ 7

Registrert dato: 2023-03-29 — forskrift/2023-03-29-442

§ 7 andre ledd bokstav c skal lyde:

kva for prosjektområde det vert søkt konsesjon for