Endringshistorikk: forskrift/2017-05-23-638

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2017-05-23-638 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2017-05-23-638

§ 1

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 1 nytt fjerde og femte ledd skal lyde:

I saker der ein etter stadnamnlova § 4 andre ledd vurderer å velje ein skrivemåte som har vore lenge i bruk, skal det takast med i vurderingaom skrivemåten kan medverke til at meiningsinnhaldet i namnet ikkje kjem tydeleg framom skrivemåten kan endre den nedervde lokale uttalen av namnetkor lang og dominerande tradisjon skrivemåten har på namneobjektetkor stor semje det er om skrivemåten lokaltom skrivemåten har tradisjon i det språket som namnesaka gjeld.

Skrivemåtar som kan medverke til at meiningsinnhaldet ikkje kjem tydeleg fram, eller til at den nedervde lokale uttalen blir endra, kan berre godtakast dersom dei har ein lang og dominerande tradisjon, og det er stor semje om dei lokalt. Ved fastsetjing av skrivemåten til samiske og kvenske stadnamn, skal ikkje eldre, fornorska skrivemåter godtakast.

§ 10

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 10 skal lyde:

§ 10.Klage

Ei klage skal vere skriftleg, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Klaga skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune dersom kommunen ikkje sjølv er vedtaksorgan. Forvaltningsloven kapittel VI gjeld med dei unntaka som går fram av stadnamnlova § 8 og § 12.

Dersom vedtaksorganet, etter at sak har vore til klagebehandling, vedtek den skrivemåten klagaren ønskte, og det blir klaga på dette nye vedtaket, må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i klagenemnda for stadnamnsaker.

Ei klage på eigarfastsett skrivemåte av namn på bruk kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved saksbehandlinga.

Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute, eller klaga er avgjord. Eit avslag på søknad om utsetjing skal vere skriftleg og grunngitt.

§ 11

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 11 skal lyde:

§ 11.Bruk av stadnamn i tenesta

Statsorgan, fylkeskommunar og kommunar og selskap som det offentlege eig fullt ut skal bruke den fastsette eller prioriterte skrivemåten av stadnamnet, jf. stadnamnlova § 11 og forskrifta § 14 femte ledd, i tekstproduksjon, skilting og på kart. Dette omfattar mellom annanamn på offisielle krinsar (delområde, grunnkrins, stemmekrins, skulekrins, kyrkjesokn, postnummerområde m.m.)namn på offentlege anlegg som idrettsanlegg, fyr, vegar, tunnelar, bruer haldeplassar, rasteplassar, ferjekaier m.m.namn på institusjonar som kyrkjer, sjukehus, barnehagar og skularnamn på verneområde som vidarefører eit nedervd stadnamn i bruk.

Namn som er nemnt i første punktum bokstav c skal finnast på både nynorsk og bokmål når dei er namn på statsorgan, jf. språklova § 10.

Noverande § 11–§ 15 blir § 12–§ 16.

§ 5

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 5 første ledd tredje punktum skal lyde:

Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det.

§ 8

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 8 første til tredje ledd skal lyde:

Ved vedtak etter stadnamnlova § 7 første til fjerde ledd skal vedtaksorganet sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Ved behov kan det hentast ei førebels tilråding frå stadnamntenesta.

Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Dei som etter stadnamnlova § 8 tredje og fjerde ledd har rett til å uttale seg, skal ha minst to månader til å uttale seg frå dei får saka. Vedtaksorganet skal sende høyringssvara til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak. I saker som gjeld nedervde namn på bruk etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, kan eigaren fastsetje skrivemåten utan at det ligg føre ei vurdering frå stadnamntenesta.

I område med samiske eller kvenske stadnamn skal saker som gjeld norske namn, òg sendast til stadnamntenesta for samiske stadnamn og stadnamntenesta for kvenske stadnamn. Dei skal finne ut namneobjektet òg har eit samisk eller kvensk namn og gi ei førebels tilråding av skrivemåten. Samiske og kvenske organisasjonar skal få saker som gjeld samiske og kvenske stadnamn, tilsende direkte. Høyringssvara skal sendast til stadnamntenesta, som skal gi endeleg tilråding før vedtak.

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 8 femte ledd andre og tredje punktum skal lyde:

Vedtaksorganet skal sjå til at alle funksjonane av namnet blir tekne opp i namnesaka. I saker som gjeld skrivemåte av nedervde bruksnamn etter stadnamnlova § 5 tredje ledd, trengst det likevel ikkje reisast namnesak for det tilsvarande gardsnamnet samtidig, med mindre eigaren krev det.

§ 9

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 9 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd, kan krevje å få grunngivinga for andre enkeltnamn.

Registrert dato: 2022-02-14 — forskrift/2022-02-14-381

§ 9 fjerde ledd skal lyde:

Vedtaksorganet skal sende vedtaket til den som har teke opp stadnamnsaka, til vedkommande kommune og fylkeskommune som ikkje sjølv er vedtaksorgan, til statlege organ som skal bruke namnet i tenesta, til stadnamntenesta og til Sentralt stadnamnregister. Kommunen skal sende vedtaket vidare til partane i saka og dei som har uttala seg i saka etter stadnamnlova § 8 første ledd, og gjere vedtaket kjent for dei som har klagerett etter stadnamnlova § 12 første ledd.

§ 9 femte ledd blir oppheva.