De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2013-12-20-1665 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
Forskriftens § 2 4. ledd skal lyde:
Forbodet mot utførsel i andre ledd er ikkje til hinder for utførsel av viltlevande marine ressursar hausta av fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Dette gjeld fram til og med 31. august 2023 og er avgrensa til fangst bringa til land på nærare oppgjevne stader og på dei verksemder som Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formålet, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.
§ 1 femte ledd skal lyde:
Fiskehav er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom dei vert landa i Rogaland, på Sørlandet eller Austlandet, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.
§ 1 sjette ledd opphevast.
Ny § 1a skal lyde:
§ 1a.Makrellstørje
Makrellstørje (Thunnus thynnus) kan omsettes i første hand av alle salslag etter den geografiske inndelinga som følger av § 1.
§ 2 skal lyde:
§ 2.Førstehandsomsetning
Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Dette gjeld òg førstehandsomsetning av delar av, og produkt eller biprodukt av, viltlevande marine ressursar som har heilt eller delvis tilhald i sjøen og som var viltlevande då dei vart hausta. Anadrome laksefiskar, anten dei er hausta i sjø eller ferskvatn, og alle artar som er hausta i ferskvatn, med unntak for europeisk ål (Anguilla anguilla), er likevel ikkje omfatta av omsetningsplikta gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.
Det er forbode å utføre eller tilverke viltlevande marine ressursar som ikkje er omsette i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk.
Forbodet mot tilverking i andre ledd er ikkje til hinder for sjølvtilverking av fangst som ikkje er omsett i førstehand. Tilverking av fangst som fiskaren har hausta sjølv, til dømes gjennom salting og tørking, vert rekna som sjølvtilverking. Både individuelle fiskarar og juridiske personar som disponerer fiske- og tilverkingskapasitet kan drive sjølvtilverking.
Forbodet mot utførsel i andre ledd er ikkje til hinder for utførsel av viltlevande marine ressursar hausta av fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union eller Storbritannia. Dette er avgrensa til fangst bringa til land på nærare oppgjevne stader og på dei verksemder som Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formålet, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land frå britiske eller EU-fartøy. Det er eit vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.
Unntaket i fjerde ledd gjeld fram til og med 31. august 2023 for fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union.