Endringshistorikk: forskrift/2010-03-12-390

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2010-03-12-390 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2010-03-12-390

§ 1

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 1 skal lyde:

§ 1.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld for inndraging av ulovleg fangst og fangst utover fastsett kvote, eller verdi av slik fangst, gjort i medhald av havressurslova § 54 og deltakerloven § 27, jf. § 30, samt inndregne midlar i medhald av fiskesalslagslova § 21.

§ 2

Registrert dato: 2010-05-27 — forskrift/2010-05-27-726

§ 2 første ledd skal lyde:

Salslaget som har ansvaret for omsetning i første hand av den aktuelle arten i det området der fartøyet er registrert, gjer vedtak om inndraging av fangst utover kvote, jf. havressurslova § 12, § 13 og § 14.

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 2 andre ledd skal lyde:

Salslaget som førstehandsomsetninga av fangsten som blir inndregen er lagt til, gjer vedtak om inndraging avulovleg bifangst,fangst hausta i fredingstid etter forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen kap. VI,fangst hausta i strid med havressurslova § 23,fangst utover turkvote jf. deltakerloven § 27,fangst som er hausta eller omsett i førstehand i strid med føresegner etter fiskesalslagslova jf. fiskesalslagslova § 21.

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 2 fjerde ledd skal lyde:

Fiskeridirektoratet er klageinstans for vedtak etter første ledd, andre ledd bokstav a) til d) og tredje ledd. Departementet er klageinstans for vedtak etter andre ledd bokstav e).

Registrert dato: 2022-11-01 — forskrift/2022-10-31-1889

§ 2 tredje og fjerde ledd (endret) skal lyde:

Fiskeridirektoratet gjer vedtak om inndraging som følgje av andre brot på havressurslova og deltakerloven enn dei nemnte i første og andre ledd, og kan i tillegg gjere vedtak om inndraging etter brot som nemnt i andre ledd.

Klagesakeininga i Fiskeridirektoratet er klageinstans for vedtak etter første ledd, andre ledd bokstav a) til d) og tredje ledd. Departementet er klageinstans for vedtak etter andre ledd bokstav e).

Registrert dato: 2025-06-12 — forskrift/2025-06-12-1054

§ 2 andre ledd skal lyde:

Salslaget som førstehandsomsetninga av fangsten som blir inndregen er lagt til, gjer vedtak om inndraging avulovleg bifangst,fangst hausta i fredingstid etter forskrift 22. desember 2004 nr. 1878 om utøvelse av fisket i sjøen kap. VI,fangst hausta i strid med havressurslova § 23, ogfangst utover turkvote jf. deltakerloven § 27,fangst som er hausta eller omsett i førstehand i strid med føresegner etter fiskesalslagslova jf. fiskesalslagslova § 21,ulovleg fangst av kveite under minstemål.

§ 3

Registrert dato: 2010-05-27 — forskrift/2010-05-27-726

§ 3 tredje ledd skal lyde:

Første og andre ledd gjeld likevel ikkje ved inndraging av fangst utover kvote av brisling, lodde, makrell, hestemakrell, kolmule, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, tobis og augepål etter havressurslova § 12, § 13 og § 14.

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 3 fjerde ledd (nytt) skal lyde:

Ved berekning av verdien som skal inndragast, benyttes gjennomsnittleg pris som er oppnådd for vedkomne art (fiskeslag) i dei leveransane som er omfatta av inndraginga.

Registrert dato: 2024-01-01 — forskrift/2023-12-20-2232

§ 3 tredje ledd (endra) skal lyde:

Første og andre ledd gjeld likevel ikkje ved inndraging av fangst utover kvote av brisling, lodde, makrell, hestemakrell, kolmule, norsk vårgytande sild, nordsjøsild, tobis, augepål eller kongekrabbe etter havressurslova § 12, § 13 og § 14.

§ 4

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 4 første ledd skal lyde:

Midlar inndregne som følgje av brot på havressurslova, fiskesalslagslova og deltakerloven skal nyttast til å dekkje salslaget sine utgifter til kontroll med om føresegner fastsette i medhald av havressurslova, fiskesalslagslova og deltakerloven vert følgde og til frakttilskot.

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 4 andre ledd skal lyde:

Midlar inndregne som følgje av fangst utover kvote i medhald av havressurslova § 54 jf. § 12, § 13 og § 14 og deltakerloven § 27 kan, i tillegg til formålet i første ledd, nyttast til prisutjamning eller pristilskot for leverte fangstar. Verdien av den delen av fangst utover kvote som overstig gruppekvoten, jf. havressurslova § 11 andre ledd, kan likevel ikkje nyttast til prisutjamning eller pristilskot for leverte fangstar.

§ 6

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 6 skal lyde:

§ 6.Rapportering

Salslaget skal kvart år innan 1. april gi melding til Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet om kva midlar som er inndregne det føregåande år, heimelsgrunnlag og om kva midlane har vorte nytta til. Meldinga skal attesterast av salslaget sin revisor.

§ 7

Registrert dato: 2020-08-24 — forskrift/2020-08-24-1710

§ 7 skal lyde:

§ 7.Endring av forskrifta

Nærings- og fiskeridepartementet kan gjere endringar i denne forskrifta.