Endringshistorikk: forskrift/2006-08-25-996

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2006-08-25-996 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2006-08-25-996

§ 1

Registrert dato: 2023-07-25 — forskrift/2023-07-25-1285

§ 1 skal lyde:

§ 1.Beskytta produktnemning

Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger.

§ 3

Registrert dato: 2023-07-25 — forskrift/2023-07-25-1285

§ 3 skal lyde:

§ 3.Vilkår for bruk av produktnemninga

  1. ProduktbeskrivingHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger er eple dyrka i Hardanger.Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, dekkfarge, refraktometerverdi og trykkfastleik i tabell 1.Hardangereple skalvera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangereple skal ha stilk.Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra HardangerEplesortDiameter (mm)Dekkfarge (%)Refraktometerverdi (%)Trykkfastleik (kg/cm2)Aroma6210–3010,85Discovery623010,85Elstar622010,85Karin Schneider625010,85Kronprins623010,5–10,85Raud Aroma623010,85Raud Gravenstein623010,85Raud Prins625010,5–10,85Summerred625010,55Sunrise624010,85Vista Bella6220–3010,5–10,85Andre sortar6220–3010,85Gule sortar62010,85

2.Geografisk områdeHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger er her definert som områda rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.

3.ProduksjonsmetodeHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Epletrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.Epletrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem.Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig.Prognose for første haustedato skal fastsetjast av uavhengige fagfolk i samarbeid med fruktlageret på bakgrunn av analysar av refraktometerverdi og trykkfastleik i 10 eple frå ca. 60 felt i heile Hardanger. Slik haustetidspunktprøve skal gjerast omlag 1–2 veker før normal haustetid.Epla skal handterast så varsamt som mogleg under hausting, transport og lagring. Ved mottak på lager skal kvaliteten på epla kontrollerast ved bruk av anerkjende målemetodar. Epla skal kjølast langsamt til rett temperatur og lagrast ved rett luftråme.Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Epla skal ha jamn modningsgrad, og fortsatt ha god haldbarheit ved transport frå fruktlageret.

4.Merking av produktetHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.