De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2006-06-07-593 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 18 skal lyde:
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegnene i denne forskrifta blir straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år, jf. § 22 i skogbrukslova.
§ 4 siste ledd skal lyde:
Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar, jf. forskrift 4. februar 2004 nr. 449 om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer. Ved hogst i område der slike registreringar enno ikkje er gjennomførte, skal dei føre-var-tiltaka som er nedfelte i Norsk PEFC Skogstandard leggjast til grunn.
§ 5 første ledd skal lyde:
Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard.
§ 5 niande ledd skal lyde:
Nygrøfting av myr og sumpskog med sikte på skogproduksjon er forbode. Det er heller ikkje tillate å reinske grøfter i myr og sumpskog der det ikkje er etablert produktiv skog.
§ 5 åttande ledd skal lyde:
I skog der volumet av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst, kan skifte av treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skifte av treslag i edellauvskog kan berre skje etter godkjenning frå kommunen, med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet. Skogeigar må søke om slik godkjenning innan 6 månader etter at hogsten har skjedd.
§ 5 tiande ledd skal lyde:
Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Krav om melding til kommunen gjeld ikkje for skifte av treslag etter åttande ledd.
§ 6 skal lyde:
§ 6.Plikta til å forynge
Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, jf. skogbrukslova § 6. Med tilfredsstillande forynging meinast både planting, såing og naturforynging som skal sikre framtidig skogproduksjon og som er i tråd med krava i § 7.
§ 7 skal lyde:
§ 7.Krav til tilfredsstillande forynging
Forynging etter hogst skal leggje til grunn plantetala i tabellen nedanfor. Ved vurdering av minste lovlege plantetal reknast berre som teljande treslag dei treslaga som utnyttar veksttilhøva på veksestaden best, og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både når det gjeld volum og kvalitet.Gran- og/eller lauvdominert skogFurudominert skogG26–G20G17–G14G11–G6F20–F17F14–F11F8–F6Tilrådd plantetal pr. dekar300–180230–130140–60340–190240–120130–80Minste lovlege plantetal pr. dekar1501005015010050
Minste lovlege plantetal gjeld berre bartre der bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning frå kommunen etter § 5 åttande ledd. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av teljande treslag gjer seg gjeldande.
§ 8 skal lyde:
§ 8.Pålegg om forynging
Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande, og godkjenning etter § 5 åttande ledd ikkje er gjeve, avgjer kommunen om skogeigar skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga, jf. skogbrukslova § 6 tredje ledd.
Pålegg skal varslast i tråd med forvaltningslova § 16. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som har sitt nåverande eller historiske naturlege utbreiingsområde i Noreg. Pålegget må stå i rimeleg forhold til lønnsemda.