De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2005-12-16-1513 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
I § 2 første punktum skal ordet «trygdekontoret» endres til «det felles lokale kontoret».
§ 1 skal lyde:
§ 1.Plikt til å møte personleg
Ein person som får supplerande stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 kan bli innkalla til personleg frammøte på det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga opptil to gonger i året. Det same gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar som ikkje har fylt 67 år. Frammøte etter første eller andre punktumet kjem i tillegg til personleg frammøte ved søknad om stønad eller forlenga stønad.
§ 3 skal lyde:
Dersom ein person ikkje følgjer opp eit pålegg om personleg frammøte etter § 1, kan utbetalinga av supplerande stønad bli stansa frå og med den neste kalendermånaden. Dette gjeld dersom personen ikkje tar kontakt med det felles lokale kontoret seinast tre veker etter at innkallinga til kontrollsamtale vart sendt ut eller ikkje møter til avtalt tid. Dersom det manglande frammøtet berre gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar under 67 år, skal stans av stønaden vere avgrensa til auken i stønad på grunn av forsørging av person som nemnd.