De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2003-01-15-121 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
I forskrift 15. januar 2003 nr. 121 om særtilskot blir det gjort følgjande endring:
I forskrift 15. januar 2003 nr. 121 om særtilskot blir det gjort følgjande endring:
Heimelsfeltet skal lyde:
Fastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 67.
Endringa tek til å gjelde frå 1. april 2004.
§ 1, § 2 og § 3 skal lyde:
§ 1.
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
§ 2.
Særtilskot blir fastsett av tilskotsfuten på grunnlag av dei faktiske utgiftene som blir dokumenterte. Det kan ikkje påleggjast særtilskot dersom utlegget er lågare enn fullt tilskotsforskot per månad etter forskotteringslova.
Særtilskot skal fastsetjast slik at dei dokumenterte nettoutgiftene blir fordelte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira etter forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot. Særtilskot skal ikkje reduserast for samvær. Det skal ikkje fastsetjast særtilskot dersom den tilskotspliktige manglar full bidragsevne. Der foreldra held to markeringar av konfirmasjonen som fell tett saman i tid, skal særtilskotet fastsetjast som eit nettobidrag.
Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
§ 3.
Særtilskot skal betalast i ein samla sum. Særtilskot kan likevel betalast i terminar dersom utlegget skal gjerast opp slik.
§ 1 skal lyde:
Foreldra kan påleggjast å yte særtilskot dersom det oppstår særlege utlegg. Det er eit vilkår at utgiftene er rimelege og nødvendige, og ikkje går inn under dei utgiftene som det ordinære fostringstilskotet skal dekkje.
Dersom foreldra ikkje blir samde om å halde ei markering av konfirmasjonen saman, kan begge foreldra påleggjast å yte særtilskot til den andre forelderen si markering.
§ 2 tredje stykket skal lyde:
Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.