Endringshistorikk: forskrift/2001-06-08-570

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2001-06-08-570 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2001-06-08-570

§ 4

Registrert dato: 2004-11-01 — forskrift/2004-10-15-1337

§ 4 og § 5 skal lyde:

§ 4.(Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette gjeld likevel berre dersomdet landbruksarealet som høyrer til eigedomen, med tillegg av rettar og lunnende, ikkje er vesentleg større enn det som trengst for å gje eigaren (brukaren) med huslyd trygge økonomiske kår, ogeigedomen ikkje er mindre enn at det den kastar av seg som jord-, skog- eller hagebruk, gjev eit tilskot å rekne med for levekåra til eigaren (brukaren) med huslyd, oginntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, ogeigedomen blir driven som sjølvstendig eining innan landbruket, eller – dersom gardsdrifta til så lenge er nedlagt eller jorda er leigt bort – det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att som sjølvstendig eining før det er gått 5 år frå gardsdrifta blei nedlagt eller jorda blei leigt bort.

§ 5.(Kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan)

I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 37 tredje leddet kan fylkesmannen avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Dersom innløysinga handsamast ved skjønn etter tomtefestelova § 37 andre leddet, kan fylkesmannen heilt eller delvis overlate til skjønnet å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som fylkesmannen har gjort.

Så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følgjer av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga, kan fylkesmannen eller skjønnet i ei sak etter første ledd ta alle avgjerder som trengst for åhalde oppe grunndisponering som er fastsett i plan for område, oghalde oppe skyldnader som festarane har vorte pålagde eller kan påleggjast til opparbeiding eller vedlikehald av fellesanlegg eller til gjennomføring av andre felles tiltak, oghalde oppe rådvaldsband over tomtearealet som følgjer av det tidlegare rettshøvet, ogfastsetje rett og plikt for innløysaren til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak som er etablert i området og som har vore og framleis vil kunne nyttast av innløysaren, ogfastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedom ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt.

Før fylkesmannen treffer avgjerd eller overlet saka til skjønnet, skal fylkesmannen innhente fråsegn frå partane i festehøvet og den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova. Ved innløysing i allmenning skal fråsegn også innhentast frå fjellstyre og allmenningsstyre. Vidare skal fylkesmannen vurdere om det trengst samtykke frå eller bør hentast inn fråsegn frå andre offentlege organ. Hvis saka er overlate til skjønnet, skal kommunen der området ligg, varslast til skjønnet som blir halde og har rett til å møte. I allmenning gjeld dette også for fjellstyret og allmenningsstyret. Einkvar som har festerett til tomt i eit planområde eller ei allmenning, har også rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd innløysing.

Registrert dato: 2005-06-24 — forskrift/2005-06-24-675

§ 4 skal lyde:

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette gjeld berre dersom bortfestaren dokumenterer ateigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, oginntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15.000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, oginntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet.

Om næringsdrifta som jord-, skog- eller hagebruk er nedlagt, eller all jord og skog i drift er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, gjeld første ledd berre dersom det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått fem år frå drifta blei nedlagt eller jorda og skogen blei leigt bort. I så fall skal driftsresultatet etter første ledd bokstav c reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den, ut frå dei tre seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for.

Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her verksemd som ved bruk av jorda eller gjennom husdyrhald produserer mat eller fôr, skinn eller ull, eller som ved bruk av skogen produserer trevirke eller ved. Som husdyrhald reknast avl, oppdrett og hald av husdyr, blant dette tamrein. Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her ogsågartneridrift,dyrking av blomar og andre plantevekstar på friland eller under glas, plast og liknande, og dessutan tiltrekking av plantar,pelsdyrnæring,avl og oppdrett til to års alder av hest, og oppstalling av hest, når dette skjer ved utnytting av landbrukseigedomens produksjonsmidlar og hovudsakeleg eigeprodusert fôr,bihald,sagbruk som drivast på eigen gardssag i samband med trevirkeproduksjon frå eiga skog, dersom sagbruksverksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring,utnytting og bortleige av jakt- og fiskerettar i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e,uttak av jord, sand, stein og torv i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e,sanking av bær, konglar, mose, tang, tare og liknande i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, ogutføring av tenester for andre med monalege driftsmiddel som hovudsakleg blir nytta i eige jord-, skog- eller hagebruk, eller utleige av slike driftsmiddel, dersom verksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring.

Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.

Registrert dato: 2006-07-01 — forskrift/2006-06-30-728

§ 4 første ledd bokstav c første punktum skal lyde:

inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5% eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet.

Registrert dato: 2006-07-01 — forskrift/2006-06-30-728

§ 4 nye tredje og fjerde ledd skal lyde:

Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.

Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne.

Registrert dato: 2006-07-01 — forskrift/2006-06-30-728

§ 4 noverande tredje og fjerde ledd blir nye femte og sjette ledd.

Registrert dato: 2015-07-01 — forskrift/2015-06-19-681

§ 4 første ledd skal lyde:

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på vilkår som føljer av lov om tomtefeste § 15 fjerde ledd.

Registrert dato: 2015-09-04 — forskrift/2015-09-04-1030

§ 4 første ledd skal lyde:

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på vilkår som føljer av lov om tomtefeste § 15 fjerde ledd. Dette gjeld berre dersom bortfestaren dokumenterer ateigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, oginntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15 000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, oginntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5 % eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet.

§ 6

Registrert dato: 2004-11-01 — forskrift/2004-10-15-1337

§ 6 overskrifta, skal lyde:

(Om utsetjing av avgjerd om kva som skal følgje med ved innløysing)

§ 6 andre ledd opphevast.

§ 7 opphevast.

§ 7

Registrert dato: 2005-06-24 — forskrift/2005-06-24-675

§ 7 skal lyde:

§ 7.(Søknad om oppreising ved oversitjing av fristen for å krevje innløysing eller lenging)

Høvet som Kongen har etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 36 andre ledd til å gje oppreising ved orsakande oversitjing av fristen for å krevje innløysing eller lenging, blir lagt til fylkesmannen. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå oppreising.

Registrert dato: 2008-01-01 — forskrift/2007-12-21-1607

§ 7 skal lyde:

§ 7.(Søknad om oppfrisking ved oversitjing av fristen for å krevje innløysing eller lenging)

Høvet som Kongen har etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 36 andre ledd til å gje oppfrisking ved orsakande oversitjing av fristen for å krevje innløysing eller lenging, blir lagt til fylkesmannen. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå oppfrisking.

Registrert dato: 2015-07-01 — forskrift/2015-06-19-681

§ 7 skal lyde:

§ 7.(Søknad om oppfrisking ved oversitjing av fristen for å krevje innløysing)

Høvet som Kongen har etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 36 andre ledd til å gje oppfrisking ved orsakande oversitjing av fristen for å krevje innløysing, blir lagt til fylkesmannen. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå oppfrisking.

§ 8

Registrert dato: 2004-11-01 — forskrift/2004-10-15-1337

§ 8 skal lyde:

§ 8.(Regulering av terminvis pengesum)

Regulering i samsvar med endringa i pengeverdien av den terminvise pengesummen etter avhendingslova § 2-10 første leddet, jf. tredje leddet, skal skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. I avtalehøve frå før 1865 skal ein regulere den terminvise pengesummen ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.