De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/1981-09-11-8603 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
I forskrifter 11. september 1981 nr. 8603 om eigedomsinngrep etter veglova skal følgende bestemmelser lyde:
I forskrifter 11. september 1981 nr. 8603 om eigedomsinngrep etter veglova skal følgende bestemmelser lyde:
§ 3
.
Plankrav
Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova.
Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12-12.
§ 4
.
Unntak frå plankrav
Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for:
små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1.
vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd.
avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.
Forskriften trer i kraft straks.
Nåværende § 6 i forskriften blir ny § 7.
§ 3 og § 4 skal lyde:
§ 3.Plankrav
Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan eller utbyggingsplan etter plan- og bygningslova.
Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen eller utbyggingsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3.
§ 4.Unntak frå plankrav
Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for:små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med § 23 i plan- og bygningslova om plikt til å utarbeide reguleringsplan.Inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med § 23 i plan- og bygningslova om plikt til å utarbeide reguleringsplan.vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd.avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd.
Ny § 6 skal lyde:
§ 6.Fullmakt til å kreve skjønn
Når vegstyremakta skal gjere vedtak om eigedomsinngrep knytta til riksveg som skal byggjast ut av eit statleg utbyggingsselskap for veg, har utbyggingsselskapet fullmakt til å krevje skjønn. Staten ved utbyggingsselskapet er part i saka. Det same gjeld ved avtaleskjønn knytta til vegar som utbyggingsselskapet skal byggje ut. Vegstyresmaktene avgjer spørsmål om anke og om det skal krevjast overskjønn.