Endringshistorikk: Bustadoppføringslova

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: Bustadoppføringslova · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: Bustadoppføringslova – buofl

(annet)

Registrert dato: 2001-12-21 — lov/2001-12-21-117

I lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova) skal ny § 6 a lyde:

§ 6 a.Bruk av elektronisk kommunikasjon

Krav i lova her om at avtale eller melding mv. skal vere skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon om forbrukaren uttrykkeleg har godtatt dette.

Registrert dato: 2007-06-15 — lov/2007-06-15-36

I lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova) skal § 30 nytt femte ledd lyde:

Retten til å gjere ein mangel gjeldande kan òg bli mista etter reglane om forelding i foreldingslova.

Registrert dato: 2010-09-03 — lov/2010-09-03-54

I lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. skal § 1a annet ledd lyde:

Avtalen skal opplyse om kontantvederlag, andel fellesgjeld i burettslaget og den samla summen av desse beløpa.

Registrert dato: 2011-01-01 — forskrift/2010-09-03-1238

Loven trer i kraft fra 1. januar 2011.

Loven trer i kraft fra 1. januar 2011.

Registrert dato: 2011-07-01 — forskrift/2010-12-10-1570

Loven trer i kraft 1. juli 2011.

Loven trer i kraft 1. juli 2011.

Registrert dato: 2016-12-16 — lov/2016-12-16-94

Nåværende annet til åttende ledd blir nye tredje til niende ledd.

Nytt niende ledd skal lyde:

I tilfelle der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd første punktum, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag fram til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her. I tilfelle der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd andre punktum, og dette ikkje er gjort, kan forbrukaren gje entreprenøren eit skriftleg varsel med ein frist på minst ti virkedagar til å rette forholdet. Har entreprenøren heller ikkje innan denne fristen dokumentert at det er stilt garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å heve avtalen.

Registrert dato: 2017-01-01 — forskrift/2016-12-16-1585

Loven gjelder fra 1. januar 2017.

Loven gjelder fra 1. januar 2017.

Registrert dato: 2018-01-01 — forskrift/2017-09-15-1393

Delt ikraftsetting av lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven).

Delt ikraftsetting av lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven).

Loven trer i kraft fra 1. januar 2018 med unntak av § 9 som trer i kraft 1. juli 2018.

Registrert dato: 2019-01-01 — forskrift/2018-05-15-723

Loven gjelder fra 1. januar 2019.

Loven gjelder fra 1. januar 2019.

Registrert dato: 2021-01-01 — forskrift/2020-06-23-1285

Loven trer i kraft 1. januar 2021.

Loven trer i kraft 1. januar 2021.

§ 1

Registrert dato: 2002-07-01 — lov/2002-06-21-34

§ 1 første ledd første punktum skal lyde:

Lova gjeld avtalar mellom entreprenør og ein forbrukar om oppføring av ny eigarbustad.

Registrert dato: 2010-12-10 — lov/2010-12-10-74

§ 1 første ledd bokstav b skal lyde:

avtale om rett til fast eigedom med ny eigarbustad når arbeid som entreprenøren står for, enno ikkje er fullført på avtaletida. Likt med dette skal reknast avtale om vidaresal av slik rett.

§ 12

Registrert dato: 2010-12-10 — lov/2010-12-10-74

§ 12 skal lyde:

§ 12.Garanti for oppfylling av avtalen

Entreprenøren skal stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Ei slik plikt gjeld likevel ikkje dersom ein på avtaletida kan rekne med at vederlaget ikkje vil overstige to gonger grunnsummen i folketrygda.

Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til ti prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere fem prosent av vederlaget.

For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47 andre og tredje ledd om garanti for forskotsbetaling.

Ved avtalar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, jf. § 1 a, skal garantisummen i andre og tredje ledd reknast på grunnlag av den samla summen av kontantvederlag og andel fellesgjeld i burettslaget.

Garantisten kan ikkje ta atterhald om avgrensing av ansvaret på grunn av manglande premiebetaling eller anna mishald frå entreprenørens side. Det kan ikkje setjast frist for melding til garantisten om krav som er gjorde gjeldande i tide overfor entreprenøren. Har forbrukaren svart på førespurnad frå garantisten om kva krav som er gjorde gjeldande innan fristane, gjeld ansvaret berre krav som er nemnde i svaret frå forbrukaren.

Garantien kan også gjerast gjeldande av forbrukaren sine rettsetterfølgjarar. Garantisten kan ikkje ta atterhald som avgrensar denne retten.

Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansinstitusjon som nemnd i første punktum på tilsvarande vilkår.

Til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.

Registrert dato: 2016-12-16 — lov/2016-12-16-94

§ 12 nytt annet ledd skal lyde:

Entreprenøren skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til.

Registrert dato: 2018-05-15 — lov/2018-05-15-18

§ 12 annet ledd skal lyde:

Entreprenøren skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkelig at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort. Det same gjeld ved atterhald med tilsvarande verknad frå forbrukaren si side. Entreprenøren skal i alle høve stille garantien før byggjearbeida tek til.

Registrert dato: 2018-05-15 — lov/2018-05-15-18

§ 12 åttende ledd skal lyde:

Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå eit finansføretak som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansføretak som nemnt i første punktum på tilsvarande vilkår.

Registrert dato: 2018-05-15 — lov/2018-05-15-18

§ 12 niende ledd skal lyde:

Til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.

§ 2

Registrert dato: 2002-07-01 — lov/2002-06-21-34

§ 2 første ledd skal lyde:

Som forbrukar vert rekna ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.

§ 47

Registrert dato: 2010-12-10 — lov/2010-12-10-74

§ 47 tredje ledd andre punktum skal lyde:

§ 12 femte og sjette ledd gjeld tilsvarande.

Registrert dato: 2016-12-16 — lov/2016-12-16-94

§ 47 tredje ledd annet punktum skal lyde:

§ 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.

§ 61

Registrert dato: 2002-07-01 — lov/2002-06-21-34

§ 61 annet ledd skal lyde:

Med konsulentavtale er det meint ein avtale mellom ein sjølvstendig oppdragstakar (konsulenten) og ein oppdragsgjevar (forbrukaren, jf § 2) om planlegging av oppføring av bygning til bustadføremål eller planlegging av arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring.

Tredje ledd oppheves. Nåværende fjerde ledd blir tredje ledd.

  1. I lov 21. desember 2000 nr. 105 om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven) oppheves § 6 bokstav e annet punktum.

§ 64

Registrert dato: 2016-06-17 — lov/2016-06-17-29

§ 64 annet ledd oppheves. Nåværende tredje ledd blir annet ledd og skal lyde:

Dersom det på grunnlag av avtale mellom entreprenørane eller konsulentane sine organisasjonar og Forbrukarrådet er skipa ei nemnd for tvistar om avtalar som går inn under lova her, og som er godkjend etter lov om klageorganer for forbrukersaker, kan kvar av partane leggje fram for nemnda ein tvist der nemnda er kompetent. Så lenge tvisten er til førehaving i nemnda, kan ikkje entreprenøren reise søksmål om same tvisteemnet.