Norges Lover

Forskrift

Overgangsreglar til lov 22. juni 2012 nr. 58 om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar

DatoFOR-2013-03-01-245 forskrift/2013-03-01-245
KorttittelOvergangsreglar til patentstyrelova
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Rettsområde—
Ikrafttredelse01.03.2013
Sist endret—
KildeDokumentet hos Lovdata
Innhold

Ingen inndeling.

Om denne utgaven, kilder og historikk

Du leser den gjeldende konsoliderte teksten slik den sist ble hentet fra Lovdata. Eldre utgaver er uverifiserte rekonstruksjoner og dokumenterer ikke sikkert hvilke regler som gjaldt på en bestemt dato; se versjonsoversikten eller git-loggen for rekonstruksjonene.

Kildefil (Markdown) · Git-logg (uverifisert rekonstruksjon) · Atom-feed (alle) · Observerte kildeutgaver ·

  1. Patentstyrelova § 7 gjeld ikkje for søknader, motsegner eller krav om administrativ overprøving eller administrativ patentavgrensing som vart leverte før 1. april 2013. Patentstyrelova § 7 gjeld likevel for behandling av klager i slike saker når klagen er levert 1. april 2013 eller seinare.

  2. Patentstyrelova § 9 gjeld ikkje for krav om administrativ overprøving og for behandling av klager i slike saker når kravet om administrativ overprøving er levert før 1. april 2013.

  3. Føresegnene i patentstyrelova § 2 første ledd andre punktum og § 3 andre ledd andre punktum om at Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar ikkje kan instruerast når det gjeld handteringa av søksmål mot deira avgjerder i saker etter lovgivinga om industrielle rettar, gjeld berre for søksmål der stemning blir fremja 1. april 2013 eller seinare.

  4. Endringane i patentloven § 27 tredje ledd tredje punktum, § 39d tredje ledd tredje punktum, § 52e fjerde ledd tredje punktum, foretaksnavneloven § 3-8 fjerde ledd fjerde punktum, planteforedlerloven § 12 andre ledd andre punktum, designloven § 39 andre ledd fjerde punktum og varemerkeloven § 52 andre ledd fjerde punktum, gjeld berre for søksmål der stemning blir fremja 1. april 2013 eller seinare.

  5. Klagenemnda for industrielle rettar tek over alle saker frå Patentstyrets andre avdeling frå 1. april 2013. Dette gjeld også handteringa av ikkje avslutta søksmål mot avgjerder frå Patentstyrets andre avdeling. I den grad det er nødvendig, fordeler leiaren i Klagenemnda på nytt ikkje avslutta klagesaker etter føresegnene i patentstyrelova § 4 .