Norges Lover

Forskrift

Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag

DatoFOR-2010-12-15-1694 forskrift/2010-12-15-1694
KorttittelForskrift om sikringsordningar i burettslag
DepartementKommunal- og distriktsdepartementet
Rettsområde—
Ikrafttredelse01.01.2013
Sist endret—
KildeDokumentet hos Lovdata
Innhold
Om denne utgaven, kilder og historikk

Du leser den gjeldende konsoliderte teksten slik den sist ble hentet fra Lovdata. Eldre utgaver er uverifiserte rekonstruksjoner og dokumenterer ikke sikkert hvilke regler som gjaldt på en bestemt dato; se versjonsoversikten eller git-loggen for rekonstruksjonene.

Kildefil (Markdown) · Git-logg (uverifisert rekonstruksjon) · Atom-feed (alle) · Observerte kildeutgaver ·

§ 1. Sikring mot tap av felleskostnadar

Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.

§ 2. Krav til produktet

Sikring etter § 1 må oppfylle følgjande krav:

a. Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto. b. Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. c. Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. d. Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.

§ 3. Ikrafttredelse

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.