Norges Lover

Forskrift

Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

DatoFOR-2004-10-15-1338 forskrift/2004-10-15-1338
KorttittelForskrift om overgangsreglar til tomtefestelova
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Rettsområde—
Ikrafttredelse01.11.2004
Sist endret—
KildeDokumentet hos Lovdata
Innhold
Om denne utgaven, kilder og historikk

Du leser den gjeldende konsoliderte teksten slik den sist ble hentet fra Lovdata. Eldre utgaver er uverifiserte rekonstruksjoner og dokumenterer ikke sikkert hvilke regler som gjaldt på en bestemt dato; se versjonsoversikten eller git-loggen for rekonstruksjonene.

Kildefil (Markdown) · Git-logg (uverifisert rekonstruksjon) · Atom-feed (alle) · Observerte kildeutgaver ·

§ 1

Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 7 , § 32 , § 33 , § 34 , § 36 første og andre ledd, § 37 og § 38 skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare.

§ 2

Regelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare.

§ 3

Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i § 7, § 32, § 33, § 34, § 36, § 37 og § 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.

§ 4

Endringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i tomtefestelova § 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her.

§ 5

Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.