Forskrift
Forskrift om førehandsvarsling og om fjellstyrevedtak.
| Dato | FOR-1983-06-08-1257 forskrift/1983-06-08-1257 |
|---|---|
| Korttittel | Forskrift om varsling av fjellstyrevedtak |
| Departement | Landbruks- og matdepartementet |
| Rettsområde | — |
| Ikrafttredelse | 01.08.1983 |
| Sist endret | — |
| Kilde | Dokumentet hos Lovdata |
Om denne utgaven, kilder og historikk
Du leser den gjeldende konsoliderte teksten slik den sist ble hentet fra Lovdata. Eldre utgaver er uverifiserte rekonstruksjoner og dokumenterer ikke sikkert hvilke regler som gjaldt på en bestemt dato; se versjonsoversikten eller git-loggen for rekonstruksjonene.
Kildefil (Markdown) · Git-logg (uverifisert rekonstruksjon) · Atom-feed (alle) · Observerte kildeutgaver ·
Om førehandsvarsling og melding om fjellstyrevedtak.
§ 1
Førehandsvarsling etter § 16 i forvaltningslova og melding om vedtak etter § 27 i forvaltningslova, skal fjellstyret i regelen gjera skriftleg, i brev, eller om fjellstyret finn det mest høveleg, ved forsvarleg offentleg kunngjering.
I særlege høve kan fjellstyret gje varsel eller melding munnleg.
§ 2
Førehandsvarsling frå eit fjellstyre skal gje parten(ane) ein frist på minst ei veke til å gje fråsegn i saka.
§ 3
Forskriftene gjeld frå og med 1. august 1983. Frå same tid held forskrifter gjevne 6. april 1976 opp å gjelde.